eFaktura og avtalegiro

Med eFaktura og Avtalegiro gjer du kvardagen enklare
Med eFaktura får du faktura ferdig utfylt i nettbanken din, du treng kun å godkjenna betalinga. Du finn også fakturagrunnlaget i nettbanken, det vert ikkje sendt ut papirkopi.

Med eFaktura slepp du papirfaktura-gebyr (kr 30,-).
Med avtalegiro vert fakturabeløpet trekt automatisk frå din konto på forfallsdato. Du får tilsendt faktura.

Du kan ha både eFaktura og avtalegiro, då går betalinga automatisk og du treng kun sjekka faktura i nettbanken.

Begge deler registrerer du enkelt i nettbanken din.
TIPS: Du får spørsmål om å opprette avtalegiro dersom du betaler faktura frå oss ved å trykke "godkjenn enkeltbetaling" i stadenfor å leggja denne til samlegodkjenning.