Faktura/avrekning

Straumen vert avrekna etterskotsvis.

Bruker du meir enn 4000 kWh per år, vil straumen bli avrekna kvar månad.

Bruker du mindre enn 4000 kWh per år, vil straumen bli avrekna annakvar månad.
Vegljos vert avrekna kvart halvår. Det kan også avtalast at anlegg som nyttar mindre enn 500 kWh per år kan avreknast kvart halvår.

Grunnlag for avrekning er innmeldt målarstand, eller stipulert målarstand. Sjå under "målaravlesing" for meir informasjon om stipulering.