Gåver/sponsing

Tysnes Kraftlag ynskjer å bidra til at bygdene på Tysnes vert ein attraktiv og levande plass for innbyggjarane. Me ynskjer at dei skal sjå på selskapet som ein god ressurs for å skape aktivitet og engasjement i lokalsamfunnet.

Tysnes Kraftlag bidreg til dette blant anna gjennom utdeling av midlar til frivillige lag og organisasjonar.

Tysnes kraftlag har sett av  kr. 200 000 på driftsbudsjettet  for 2018, til slikt føremål.  Midlane vert utdelt etter søknad om stønad årleg,  innan annonsert frist. Tysnes Kraftlag har og nokre sponsoravtalar som går over fleire år. Her kan nemnast Njardar/Tysnes, Tysnes IL og Tysnes Skulekorps.

Rettingslinjene våre seier at føretrekte mottakarar er:
•    Barn, ungdom og arbeid for desse
•    Stønad som femnar om heile kommunen
•    Mottakarar som bidreg til vekst og godt miljø

Alle er velkomne til å søkje, sjølv om ein ikkje kjem inn under målgruppa nemnt ovanfor.

Søknaden skal blant anna innehalde:
•    Namnet på den som søkjer, og kor mange som vil ha nytte av tiltaket.
•    Kva det vert søkt om stønad til
•    Korleis heile tiltak skal finansierast
•    Beløp (skal for desse søknadane ikkje overstige kr. 50.000)

Søknadsskjema finn du her.
Ved søknad om stønad til annonser treng me ikkje vite noko om finansiering.

Søknaden kan sendast til firmapost@tysnes-kraftlag.no, eller til
Tysnes Kraftlag SA, Teiglandsvegen 7, 5680 TYSNES

Det vert og årleg gjort tildeling av gåver som vert gitt av Årsmøtet i Tysnes Kraftlag SA, etter innstilling frå styret. Dette gjeld gåver frå kr. 50.000 og oppover. Styret har utarbeidd retningsliner for utdeling av slike gåver til ålmennyttige føremål.  Desse kan søkjar få tilsendt om ynskjeleg.

Søknad om slike gåver skal stilast til styret for Tysnes Kraftlag, og må vera styret i hende innan 1. februar i tildelingsåret, for handsaming og tilråding i styret. Søknaden må vera merka: "Gåver gitt av Årsmøtet i Tysnes Kraftlag".
Det må vera gjort greie for prosjektet/tiltaket det vert søkt om gåve til, kven som står bak søknaden, og korleis heile tiltaket er tenkt finansiert.