Leveringsplikt

Dersom du ikkje har vald ein kraftleverandør, har me som nettselskap plikt til å levera kraft til deg, til ein pris som er høgare enn du normalt vil kunna få frå ein vanleg kraftleverandør. Dette vert kalla leveringsplikt, og er kun meint som ein midlertidig ordning inntil du har skaffa deg vanleg kraftleverandør.

Prisen på leveringsplikt er dei første seks vekene regulert av Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE), og skal då vera lik områdeprisen på Nord Pool Spot, pluss maksimalt 6,25 øre per kWh inkl. mva (5 øre eks. mva.). Dette inkluderer også kostnadar til innkjøp av elsertifikat.

Etter dei første seks vekene har Tysnes Kraftlag SA ein pris på leveringsplikt lik Nord Pool Spot pris, pluss 12,5 øre per kWh inkl. mva (10 øre eks. mva.).

Slik kan du byta kraftleverandør

Det er enkelt å velja kraftleverandør, du kan når som helst byta kraftleverandør om du ynskjer dette. Du kan samanlikna kraftprisar på Konkurransetilsynet sine kraftprissider. I tillegg har me lagt ved ei liste over kraftleverandørar som tilbyr kraft i vårt nettområde.

Fylgjande opplysningar må oppgis ved bestilling avkraft:

- Målepunkt ID
- Fødselsdato eller organisasjonsnummer
- Namn
- Målepunktet si adresse

For meir informasjon om korleis kraftmarknaden fungerer, sjå NVE sine forbrukersider: www.nve.no/forbrukersider.