Målaravlesing

Det er viktig at straummålaren vert lest av for å få korrekte avrekna straumforbruket. Målaren kan ha 5, 6 eller 7 siffer. Dersom målaren har desimaltal skal ikkje dette takast med. Eldre målarar kan ha telleverk for overforbruk. Overforbruk skal ikkje lesast av, og me rår til at dette telleverket vert teipa over for å unngå forveksling.

Kor ofte skal målaren lesast av?

Bruker du meir enn 4000 kWh per år, skal målarstand meldast inn 1. i kvar månad.

Bruker du mindre enn 4000 kWh per år, skal målarstand meldast inn 1.  annakvar månad (januar, mars, mai, juli, september og november).

Bruker du mindre enn 500 kWh per år, kan du avtale å lesa av målaren     2 gonger per år: 1. januar og 1. juli.

Det gjer ingenting om du les av oftare enn kravet over.
Er det ikkje mulig for deg å lesa av på avlesingsdato, så les av når du kan.

Korleis melde inn målaravlesing?

1. Legg inn avlesinga på "Mi energiside". Du loggar på med epostadresse og passord.
2. Bli varsla på SMS, svar på varsel.
3. Ring 800 68 222, ha klar kundenummer og målarnummer