Ofte stilte spørsmål

Nedanfor finn du ein del spørsmål som kundeavdelinga får ofte, me har prøvd å gje enkle svar.

Kvifor får eg papirfaktura-gebyr når eg har avtalegiro

Når du har avtalegiro, går betalinga automatisk, men me har framleis utgifter med å senda deg papirfaktura.

Du må oppretta eFaktura for å unngå gebyr. Sjå meir info under "eFaktura og Avtalegiro".

Kvifor er nettleiga høgare enn kraft?

Nettleiga vert fastsett for eit år om gongen, og består av eit fastledd og ein pris per kWh. Er kraftprisen låg og forbruket òg er lågt, vil nettleiga vera høgare enn kraft.

Kan eg  få anna forfallsdato enn standard?

Ja, du kan be om anna forfallsdato enn det som me har satt som standard. Kontakt oss på telefon 53430050 eller send ein mail til firmapost@tysnes-kraftlag.no

Korleis melder eg om slokna vegljos?

Ta kontakt med oss på telefon 53430050 eller sendt mail til vegljos@tysnes-kraftlag.no.Det er viktig at du noterer deg nummer på stolpen før du tek kontakt med oss, fint om du også beskriver kor ljoset står. Dette for å sikre at me reparerer rett ljos.

Er det synlege skader på ljoset, er det også greitt å få beskjed om på førehand.

Kan eg få vegljos satt opp utanfor mitt hus?

Er det  stolpe for straumtilførsel, kan den nyttast til vegljos.
Ta kontakt med nettavdelinga for pris, og eventuelt høve til å setja opp eigen stolpe for vegljos.

Korleis skiftar eg kraftleverandør?

Ta kontakt med kraftleverandør du ynskjer å inngå avtale med. Kraftleverandøren ordnar alt for deg.