Ofte stilte spørsmål

Nedanfor finn du ein del spørsmål som kundeavdelinga får ofte, me har prøvd å gje enkle svar.

Kvifor blir forbruket stipulert når eg har lest av målaren?

Har du lest av målaren nokre dagar før eller etter  den 1. i månaden, vil målarstand den 1. bli stipulert utifrå di avlesing. Målarstand etter den 1. vil ikkje vise på faktura. Du kan sjekke at målarstand er registrert ved å logge på "Mi energiside".

Kvifor får eg papirfaktura-gebyr når eg har avtalegiro

Når du har avtalegiro, går betalinga automatisk, men me har framleis utgifter med å senda deg papirfaktura.

Du må oppretta eFaktura for å unngå gebyr. Sjå meir info under "eFaktura og Avtalegiro".

Kvifor er nettleiga høgare enn kraft?

Nettleiga vert fastsett for eit år om gongen, og består av eit fastledd og ein pris per kWh. Er kraftprisen låg og forbruket òg er lågt, vil nettleiga vera høgare enn kraft.

Kan eg  få anna forfallsdato enn standard?

Ja, du kan be om anna forfallsdato enn det som me har satt som standard. Kontakt oss på telefon 53430050 eller send ein mail til firmapost@tysnes-kraftlag.no

Korleis melder eg om slokna vegljos?

Ta kontakt med oss på telefon 53430050 eller sendt mail til firmapost@tysnes-kraftlag.no.Det er viktig at du noterer deg nummer på stolpen før du tek kontakt med oss, fint om du også beskriver kor ljoset står. Dette for å sikre at me reparerer rett ljos.

Er det synlege skader på ljoset, er det også greitt å få beskjed om på førehand.

Eg har hytte, kvifor blir forbruket mitt stipulert høgt om vinteren når eg ikkje er der?

På Tysnes er det mange hytter og fritidsbustadar, desse er rekna som vinterisolerte og i bruk heile året. På bakgrunn av det, rekna me likt forbruksmønster på alle våre kundar. Stipuleringa vert då rekna utifrå forventa forbruk på ditt anlegg, og høgare forbruk om vinteren enn om sommaren.

Er du ikkje einig i denne fordelinga, vert dette retta opp ved å lesa av målaren oftare. Me rår til avlesing av vinterstengde hytter, når du opnar og stenger for sesongen i tillegg til dei vanlege avlesingstidspunkta.Stenger du straumen heilt, kan du melda inn same målarstand som på stengetidspunkt slik at du får 0-forbruk.

Uansett vil målaravlesing etter vinterstenging korrigera eventuelle feilstipuleringar.

Korleis skiftar eg kraftleverandør?

Ta kontakt med kraftleverandør du ynskjer å inngå avtale med. Kraftleverandøren ordnar alt for deg.

Når får me automatisk avlesing av målaren?

Alle straumkundar i Norge skal ha automatisk målar, såkalla AMS-målar innan 1. januar 2019. Tysnes Kraftlag SA er i full gong med planlegging av dette arbeidet. Alle målarane våre må skiftast ut.

Kor mykje får eg igjen for å vera medlem i Tysnes Kraftlag?

Årsmøtet fastset storleiken på etterbetaling. I 2013 fekk ein kunde som nytta 20.000 kWh per år ca kr 1500,- i etterbetaling.

Kan alle blir medlem i Tysnes Kraftlag SA?

Alle som er registrert som nettkunde, kan bli medlem.

Kan eg få vegljos satt opp utanfor mitt hus?

Er det  stolpe for straumtilførsel, kan den nyttast til vegljos.
Ta kontakt med nettavdelinga for pris, og eventuelt høve til å setja opp eigen stolpe for vegljos.