Om medlemskap

Få din del av overskotet

Tysnes Kraftlag har ein sunn økonomi, som sikrar medlemane etterbetaling kvart år. Etterbetalinga vert betalt ut i form av eit frådrag på straumfakturaen.

Årsmøte

Som medlem kan du påverka leiinga og utviklinga av kraftlaget. Dette kan du gjera ved å møta på årsmøtet og sei di meining, eller vera med og røysta over sakene som vert teke opp.

Saker som vert handsama på årsmøtet er blant anna val av styremedlemar, økonomisk styring og disponering av overskot. Det er også høve til å stilla spørsmål til styret og leiinga på årsmøtet.

Er du ikkje medlem?

Send inn søknadskjema i dag.
Kr 100,- må òg vera betalt inn før medlemskap vert registret.
Medlemskap er ei god investering. I 2011 vart det betalt ut kr 1000,- til ein kunde som nytta 20.000 kWh per år. Tilsvarande sum vert betalt ut for 2012.

Fakta om medlemskap

-    Medlemsinnskotet (kr 100,-) er eit eingongsbeløp
-    Medlemskapet varer så lenge du er nettkunde hjå Tysnes Kraftlag SA
-    Medlemane får etterbetaling etter kor mykje dei har handla med laget
-    Medlemane har rett til å møta på årsmøtet