Om Mi energiside

På "Mi energiside" finn du mykje nyttig informasjon om ditt straumabonnement. Du kan melde inn målaravlesingar, og finne tidlegare avlesingar, fakturaoversikt med fakturastatus, ditt straumforbruk vist med søylediagram eller med tal, personlege opplysningar osv. Du kan òg melda inn endringar i postadresse og telefonnummer her.

Du loggar på i høgre felt på sidene våre .Du loggar på med epostadresse og eit passord. For fyrste gongs pålogging ber du om nytt passord, og får det tilsendt på mail. Opplysningane du treng, finn du på straumfaktura frå oss.

Du kan òg ta kontakt med kundeservice for å få tildelt passord, og hjelp med pålogging.