Om nettleiga

Nettleiga er det du betaler for å vera knytt til Tysnes Kraftlag sitt linjenett.

Nettleiga i Noreg er regulert av NVE - Norges vassdrags- og energidirektorat. Tysnes Kraftlag får kvart år vedteke ei total ramme for kor mykje nettleige som kan krevjast inn. Styret fastset kva nettleigeprisane skal vera.

Dersom ein har teke inn meir eller mindre enn den fastsette ramme, kan ein regulera tariffane tilsvarande året etter. Dette vert kalla meir- og mindreinntekt. Ved meirinntekt er ein pålagt å betale dette tilbake til kundane i form av lågare nettleige, mindreinntekt er det opp til styret å avgjera om ein skal krevja inn att.

Utjamning er eit beløp politikarane gjennom regjeringa vedtek kvart einskild år. Då Tysnes har langt nett, og lågt forbruk, får me ei høg nettleige per kunde i høve andre meir tettbygde strok. Utjamningstilskotet skal kompensera for denne skilnaden.

Les meir om utjaming her