Skogrydding

Tysnes Kraftlag er pålagd å utføra rydding av linjetrasear. Forskriftene krev dette ut frå omsynet til sikker kraftlevering og persontryggleik.  Med den tilvekst av skog som ein har i Tysnes, er dette eit omfattande arbeid. Tysnes Kraftlag utfører skogrydding året rundt, hovudsakleg med innleigd mannskap. Trevyrket vert kvista og vert liggjande i traseen i utmarksområde. På innmark og i private hagar vert det som oftast fjerna. Grunneigar vert så langt råd er kontakta i samband med ryddinga.

Som grunneigar kan du og kontakta kraftlaget for hjelp med felling av tre som står nær ei kraftlinje, der felling kjem i konflikt med linja.

Dersom uhellet er ute og du feller eit tre som kjem nær ei linje, er det viktig at du tek kontakt med kraftlaget omgåande for å unngå skade på deg sjølv eller andre. På dagtid tek du kontakt på tlf. 53 43 00 50, og på kveldstid kan du kontakta beredskapsvakta på tlf. 482 28 182. Dersom det gjeld ei høgspentlinje vil du lett vera i livsfåre. Det er difor viktig at du ikkje føretek deg noko sjølv for å fjerna treet og retta opp skaden, men melder frå og sikrar staden til kraftlaget kjem.