SMS og E-postvarsel

...direkte til deg når det er tid for målaravlesing

Du kan bli varsla på SMS eller epost, når det er tid for målaravlesing. Me har no  utvida bruken av varsling til òg å gjelda planlagt utkopling av straumen.

For å kunna varsla om planlagt straumstans, er det viktig at me har registrert rett mobilnummer eller epostadresse på deg. Dette kan du enkelt sjekka på "Mi energiside".

Du kan òg senda rette opplysningar til oss på firmapost@tysnes-kraftlag.no.
SMS og epost vil òg bli brukt til utsending av anna viktig informasjon frå oss.

Du kan registrera deg for varsling på SMS ved å senda fylgjande melding til 2258: TYS reg <kundenummer> <målarnummer>. du vil få tilbakemelding om at registreringa har blitt godkjend.