Tilknyting

Dersom du ynskjer framføring av straum og tilknyting av nytt anlegg, ellerutviding av eksisterandeanlegg, gjeld fylgjande framgangsmåte.

•    Kontakt kraftlaget slik at me kan avklara om det er kapasitet i nettet i det området der du ynskjer tilknyting / utviding. I nokre område kan det vera aktuelt å berekna anleggsbidrag / anleggstilskot.

•    Du nyttar ein godkjend installatør til å førestå den elektriske installasjonen i bygget. Han sender ei førehandsmelding til oss før arbeidet startar. Denne meldinga inneheld dei viktigaste detaljane om installasjonen.

•    Me utvekslar ein del teknisk informasjon med installatøren som grunnlag for installasjonen.

•    Me sendar då ut skjema for søknad om tilknyting, vedlagt gjeldande standard avtale, og tillegg til standardavtale for Tysnes Kraftlag.  Kunden skal fylla ut søknadsskjemaet og returnera det til oss.

•    Når installasjonsarbeidet er ferdig og klart for tilknyting, sender installatøren ei ferdigmelding til oss.

•    Me monterar så målar og knyter til anlegget, og sender faktura på tilknytingsavgift.

•    Tilknyting av anlegg (230 V) er for tida kr. 400,- pr. Ampere


Nærare informasjon rundt framføring av straum og fiber i jord finn du her: