Vaktteneste

For feil i arbeidstida kontaktar du oss på tlf. 53 43 00 50.

Utanom arbeidstid når du beredskapsvakta til Tysnes Kraftlag
på tlf. 482 28 182.

Beredskapsvakta har berre ansvar for, og høve til, å utbetra feil på Tysnes Kraftlag sine anlegg. Dersom straumen brått vert borte kan feilen og liggja på kunde sitt eige anlegg. Sjekk difor eige anlegg først. Kontroller sikringar i eige anlegg, og jordfeilbrytar om du har ein slik.  Har naboen straum er sjansen for at feilen ligg på eige anlegg stor. Og omvendt, har naboen ikkje straum, ligg feilen truleg utanfor huset. Tysnes Kraftlag si beredskapsvakt rykkjer då ut for å utbetra feilen. Dersom ein varslar straumbrot, og dette skuldast feil på eige anlegg, kan anleggseigar verta belasta med utrykkingskostnad.

Tysnes Kraftlag er avhengig av at kundar tek kontakt ved straumbrot, for å kunna starta arbeidet med feilretting snarast,  og for å kartleggja omfanget av utfallet.  Særleg viktig er det om du som kunde har gjort observasjonar i samband med straumbrotet, slik som torever, vindkast, trefall, lysglimt eller liknande. Då ynskjer me å høyra frå deg.