Vegljos

Tysnes Kraftlag har ansvar for drift og vedlikehald av vegljos i Tysnes kommune, utanom ljos på ferjekaiar og oppstillingsplassar, der Statens Vegvesen har driftsansvar.

For alle ljosa har Tysnes Kraftlag innført ei fast årleg vedlikehaldsavgift. Denne vil dekkja alt vedlikehald av ljoset, samt skifting av armatur dersom me finn det naudsynt. For å halda vedlikehaldsutgiftene nede, ynskjer me å samla opp feilmeldingar, og ikkje rykkja ut på eitt og eitt ljos. Me gjer likevel vårt beste for å utbetra feil innan rimeleg tid.

Alle ljosa både private og kommunale skal vera nummererte, slik at Tysnes Kraftlag lett finn fram til ljoset for utbetring når det vert meldt om feil. Det er difor viktig at du noterer vegljosnummeret, og oppgjer dette når du melder frå om ljos som er ute av drift. Melding gjev du til oss ved bruk av eige skjema som du finn under «kundeservice», eller ved å ringa tlf. 53 43 00 50 i arbeidstida.

Årsforbruket til eit 70 W vegljos med fotocelle vert rekna til 310 kWh, og utan fotocelle til 675 kWh. Årsforbruket til eit 150 W vegljos med fotocelle vert rekna til 660 kWh